Kort fortalt

Lovande lusesamarbeid i Nordfjord

Gode resultat frå omfattande prosjekt.

NPK
26.11.2021

Prosjektet «Områdevurdering Nordfjord» har som mål å redusere lusenivået hos fiskeoppdrettarar. Prosjektet blir omtalt som lovande.

Fiskeridirektoratet har invitert med seg alle aktuelle styresmakter, kunnskapsleverandørar og oppdrettarar for å undersøkje potensialet som ligg i samordning og felles vurdering av eit område. Erfaringane skal brukast til å byggje kunnskapsgrunnlag som kan gi gode og framtidsretta arealplanar.

Fleire aktørar innan havbruksnæringa har retta merksemda si mot tilgjengelege areal i Nordfjord dei siste året. Det har kome til nye aktørar, og dermed har den lovlege mengda biomasse i området auka med 30 prosent i perioden 2028 til 2020.

Alle oppdrettsselskapa i området, Mattilsynet, Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren har samarbeidd om prosjektet. Dei har funne ut at lokaliseringa av akvakulturanlegg, og kva påverknad dei har på kvarandre og økosystemet elles, heng saman med produksjonsrytmen.

Lakselus er avhengig av vertar for å overleve, og oppdrettslaksen er den absolutt største kjelda til luservertar i fjordsystemet


Publisert: 26.11.2021 14:08

Sist oppdatert: 26.11.2021 14:09

Mer om