NPK: Arbeids- og sosialdepartementet la onsdag fram eit lovforslag til ny pensjonsordning for offentleg tilsette.
Den nye ordninga skal gjere det enklare for offentleg tilsette å stå lenger i jobb, ettersom levealderen no er høgare enn han tidlegare har vore. Den nye alderspensjonen kan takast ut fleksibelt frå fylte 62 år og kombinerast fritt med arbeid.
– Ei ny pensjonsordning har heilt naudsynt for å sikre offentleg tilsette eit godt pensjonsnivå framover når vi lever lenger. Med desse endringane vil det løne seg for offentleg tilsette å vere lenger i arbeid, og det vil bli lettare å byte jobb frå offentleg til privat, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.
Lovforslaget følgjer opp avtalen som blei inngått 3. mars 2018 mellom departementet, LO, Unio, YS, Akademikerne, KS og Spekter om ei ny pensjonsløysing.

Publisert: 10.04.2019 16:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35