Kort fortalt

Lus påverkar villaksen meir enn trudd

Studier har undervurdert konsekvensane.

NPK
30.01.2023
(NPK): Tidlegare studie har undervurdert dei negative konsekvensane lakselus har for villaksbestanden, meiner forskarar.

Villaksen er utryddingstrua, og lakselusa kan ha ein større del av skulda enn me har trudd. Forskarar har sett på data frå dei siste 19 åra, og konkludert med at tidlegare studiar har undervurdert konsekvensane av lakselus. Det er blant anna fordi tidlegare studiar ikkje har fanga opp at lakselusa kan verta resistent. I tillegg kan lusemedisinen påverka laksen negativt.

– Det er heilt klart uheldig at tidlegare studiar ser ut til å ha underestimert effektane lus har på villaks, seier forskar Knut Wiik Vollset i ei pressemelding.

Studien fann at dess meir lus det er i utvandringsruta til laksen, dess færre laks kjem tilbake. Påverknaden er størst på Vestlandet, der det er flest oppdrettsanlegg.

(©NPK)

Publisert: 30.01.2023 18:17

Sist oppdatert: 30.01.2023 18:19

Mer om