Lys kan effektivisere krilfisket
Havforskingsinstituttet har gjort ulike forsøk.
(NPK): Forskingsforsøk viser at kril blir tiltrekt av lys. Kunnskapen kan brukast til å gjere krilfisket i Sørishavet meir effektivt.
Forskarar ved Havforskingsinstituttet har gjort ulike forsøk for å finne ut om lys kan nyttast for å lokke kril til å samle seg.
– Vi ville prøve å forstå meir av åtferda til antarktisk kril, og å sjå om vi kan påverke eller kontrollere den med lys, fortel HI-forskar Bjørn Krafft til instituttet sine nettsider.
Bruken av Led-lys aukar i moderne fiskeri, fordi ein har funne ut at enkelte fiskeartar sym mot lyset, medan andre stikk av. Ein kan altså bruke lys i fiskeriet for å lokke til seg enkelte – og jage vekk andre artar.
Forskarane har no dokumentert at krilen likar lys og den kunnskapen kan gjere fisket betre.
– Det betyr at ein kan bruke lys som eit verkemiddel i kril-fiskeriet, forklarar Krafft.
(©NPK)
Publisert: 22.02.2021 11:43
Sist oppdatert: 22.02.2021 23:51