Regjeringa lyser ut 2 millionar kroner til kommunale prosjekt som legg til rette for at ungdom mellom 12 og 25 år kan hauste erfaringar frå fiskaryrket.
– Det er viktig for rekrutteringa til fiskerinæringa at fleire unge jenter og gutar får prøvd seg på havet. Forhåpentleg vil erfaringane gi meirsmak og bidra til at fleire veljar fiskaryrket, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.
Det er sett av opptil 200 000 kroner for kvart prosjekt. Fristen for å søkje er 20. mai.
– Regjeringa er oppteken av at kommunane skal ha gode rammer og ein føreseieleg økonomi. Derfor auka vi dei frie inntektene til kommunane med rundt to milliardar kroner i tilleggsnummeret til statsbudsjettet, seier Skjæran.
Ungdomsfisketilskotet er eitt av fleire tiltak for å oppmuntre til rekruttering til norske fiskeri. I tillegg kjem mellom anna tildeling av skulekvotar, lærlingekvoteordning, ungdomstillegg, og rekrutteringskvotar til fiskarar under 30 og 40 år.
Publisert: 25.04.2022 13:34
Sist oppdatert: 25.04.2022 13:35