Lyser ut 6 millionar til matproduksjon
Midlane skal i hovudsak gå til sjømat.
Vestland fylkeskommune lyser ut 6 millionar kroner som skal gå til tiltak som handlar om berekraftig matproduksjon, i hovudsak sjømat.
-Midlane skal gå til tiltak som skal skaffe ny kunnskap, eller til målretta prosjekt som fremmar ei god forvaltning og ei berekraftig verdiskaping, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Vestland har med alle sine kystkommunar eit unikt potensial til å ta ein tydeleg posisjon internasjonalt, ved å utnytte havressursar til mat, produsere berekraftig fôr, i energiproduksjon og til å utvikle bruken av marine artar, skriv fylkeskommunen.
– Ved å trekke til oss kompetanse, kapital og bygge partnarskap, kan vi sikre at nasjonale satsingar blir lagt til fylket. Ei koordinering av innsatsen må til for å realisere potensialet. Vi skal bidra til å realisere og utvikle maritime og marine hubar, som Havbyen Bergen, seier Ljosland.
Fylkesdirektøren får fullmakt til å forme ut utlysingstekst, kriterium for ordninga og tildele midlar, og midlane skal delast ut innan utgangen av 2022.
Publisert: 16.09.2022 19:26
Sist oppdatert: 16.09.2022 19:28