Kort fortalt

Lyser ut pengar til bygdevekst

Finnmark skal vere eitt av to fylke som startar.

NPK
23.06.2022

Dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg kan no søke om pengar til utprøving av bygdevekstavtalar i inntil fem pilotområde.

– Bygdevekstavtalar er eit nytt distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til busetjing, tilgang på arbeidskraft med den rette kompetansen og framtidsretta næringsutvikling i nokre av dei mest spreiddbygde områda av Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i ei pressemelding.

Pilotordninga er treårig og i første omgang i to fylke der Finnmark skal vere det eine. Alle kommunar som oppfyller kriteria kan søke, uavhengig av fylkestilhøve. Regjeringa oppfordrar nærliggjande kommunar til å samarbeide om ein felles avtale.

Stortinget har løyvt totalt 10 millionar kroner til bygdevekstavtalar i 2022. Kvar pilot kan søke om inntil 2 millionar kroner til å førebu eit avtaleutkast med staten. Midlane kan nyttast i 2022 og 2023.

Frist for å søke om å bli pilotkommune er 30. september, men departementet ønskjer at kommunane melder si interesse for å delta i pilotordninga innan 15. august, saman med ein kort omtale av aktuelle tema.

Publisert: 23.06.2022 16:59

Sist oppdatert: 23.06.2022 17:00