Kort fortalt

Låg framtidstru i næringslivet

Pessimismen rår i norske bedrifter.

NPK
13.10.2022

Heile 43 prosent av bedriftene trur at situasjonen blir verre det neste halvåret, ifølgje NHOs medlemsundersøking.

Det er ein auke på heile 10 prosentpoeng frå september. Berre 10 prosent av dei 2.343 bedriftene som har svart på undersøkingane ventar betring det neste halvåret.

– Det er det lågaste vi har sett sidan fjerde kvartal 2008, under finanskrisa, skriv sjeføkonom Øystein Dørum i NHO.

26 prosent av bedriftene meiner dei er i ein god situasjon no. Det er eit fall på 5 prosentpoeng, medan delen som oppgir den som dårleg har auka med 5 prosentpoeng til 18 prosent.

Publisert: 13.10.2022 15:55

Sist oppdatert: 13.10.2022 15:56

Mer om