NPK-NTB: Rekebestanden er på det lågaste nivået sidan 2012, og prisane på ferske reker har allereie byrja å stige, lenge før sommaren.
Årets rekebestand er nesten nede på same nivå som for sju år sidan, då ein målte den lågaste bestanden sidan overvakinga byrja, fortel forskar Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet. Kvotetilrådinga er justert ned med drygt 30 prosent, opplyser instituttet.
– Det er ein betydeleg nedgang, seier Søvik, som trur det skal mykje til for at forvaltingsstyresmaktene i Noreg og EU ikkje vil følgje tilrådinga frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).
Søvik seier rekebestanden svingar mykje, men at han svinga rundt eit høgare nivå tidlegare enn han gjer no. Ho seier forskarane ikkje veit kvifor bestanden har gått ned dei siste åra, men at lite mat eller varmt vatn er faktorar som kan påverke oppvekstvilkåra for reker. Ho forsikrar at Skagerrak ikkje kjem til å gå tomt for reker, men at det kan bli behov for import til sommaren, når reka er på sitt mest populære – og dyraste.
– Vanlegvis er prisane høgast på sommaren, men allereie no har prisane stige som følgje av at det er færre reker å få kjøpt, seier Søvik.

Publisert: 08.04.2019 08:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35