Kort fortalt

Lågare omsetningsvekst hos kjøpesenter

Varm sommar og ombygging får skulda.

02.11.2018
NPK-NTB: Omsetninga til halvparten av Noregs 60 største kjøpesenter hadde ein auke på éin prosent i dei tre første kvartala i år.
har fått tal frå Kvarud Analyse, som viser at auken på éin prosent er lågare enn tidlegare år.
Ifølgje selskapet kan den svake veksten kome av ein varm sommar og ombygging i fleire av kjøpesentera. Også netthandel og meir handel i utlandet blir trekt fram.
– Denne endringa har gått føre seg over lengre tid, men taktomslaget er større no enn tidlegare. Dette gjer at utviklinga no er meir uføreseieleg enn tidlegare og at kjøpesenter må omstille seg oftare for å tilfredsstille kundebehova. I kjøpesentera ser vi allereie at shoppingdelen går ned. Butikkar blir bytte ut med serveringsstadar og verksemder innan service og tenesteyting, seier bransjeanalytikar Tore Kvarud i Kvarud Analyse til avisa.

Publisert: 02.11.2018 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36