NPK-NTB: Konsumprisindeksen var 2,3 prosent høgare i mai i år enn i mai i fjor. Tregare prisvekst fører til auka tvil om Noregs Bank set opp styringsrenta i september.
Mens konsumprisindeksen (KPI) steig med 2,3 prosent i mai, var KPI utan energivarer på 1,5 prosent i same periode. Justert for både avgiftsendringar og energivarer, KPI-JAE, var stigninga på 1,2 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Frå april til mai 2018 gjekk KPI opp 0,1 prosent, mens KPI-JAE gjekk opp 0,2 prosent.
– Inflasjonen ligg framleis mykje lågare enn Noregs Bank venta. Vi har framleis tru på at styringsrenta skal setjast opp i september, men er i større tvil om det kjem til å skje, seier sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets.
Han viser til at Noregs Bank anslo ei tolvmånadersvekst i kjerneinflasjonen på 1,6 prosent i mai.
Bruces analyse blir delt av seniorøkonom Kyrre Aamdal i DNB Markets: Lågare kjerneinflasjon enn venta og ei tilsynelatande flatare utvikling i prisveksten over noko tid aukar moglegheita for at renteauken blir utsett, meiner han.

Publisert: 11.06.2018 20:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38