Kort fortalt
Lågare straff for svindeldømt
Lagmannsretten korta ned soninga til bedriftsleiar.
16.02.2021
Frostating lagmannsrett har sett ned straffa ein bedriftsleiar på Sunnmøre fekk for ein rekke svindeltilfelle, ifølgje Sunnmørsposten.
Mannen anka straffeutmålinga etter at han i fjor blei dømt til eitt år og åtte månaders fengsel for ein rekke grove bedrageri av Sunnmøre tingrett.
Lagmannsretten omgjorde seks månader av straffa fengsel på vilkår, grunna konsekvensane for familien og barna til mannen, ifølgje avisa.
Meir om saka: Fengsel og erstatning etter grove bedrageri
Publisert: 16.02.2021 20:12
Sist oppdatert: 18.02.2021 19:54