Kort fortalt

Lågprisbutikkane tar marknadsdelar

Meny og Coop mega taper.

11.07.2018
NPK-NTB: Lågprisbutikkane tar marknadsdelar i daglegvarebransjen på kostnad av nærbutikkar og kjeder som Meny og Coop Mega, viser tal frå analyseselskapet Nielsen.
Nielsens kvartalsrapport viser at det i heile daglegvarebransjen vart omsett for 85,6 milliardar kroner i årets første halvdel, ein auke på 2 prosent samanlikna med i fjor. Lågprisbutikkane utgjer nesten 70 prosent av den totale omsetnaden i marknaden, og tar stadig større marknadsdelar.
– Dei forsterkar posisjonen sin både på kostnad av nærbutikkar (6,3 prosent) og breisortimentsbutikkar (25,5 prosent), skriv Nielsen i rapporten.
Det er Rema 1000 og EXTRA som aukar marknadsdelen mest, med 0,5 prosentpoeng kvar. Kiwi har ein auke på 0,4 prosentpoeng.
Breisortimentsbutikkar som Meny og Coop Mega går tilbake med høvesvis 0,4 prosentpoeng og 0,2 prosentpoeng i marknadsdelar. Daglegvareekspert Odd Gisholt i Institutt for Marketing liker ikkje trenden.
– Meny og Coop Mega har jobba fortenestefullt med å ha stort utval og høg service, men kundane set ikkje nok pris på det. Det er synd, seier Gisholt til .
Sidan same periode i fjor, har det komme 37 nye lågprisbutikkar, medan 25 nærbutikkar har blitt borte.

Publisert: 11.07.2018 11:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38