Kort fortalt

Får stort lån med Innovasjon Norge

Salmon Evolution-lån til oppdrettssatsing.

25.06.2021

Salmon Evolution opplyser i ei børsmelding at selskapet har inngått ein langsiktig låneavtale med Innovasjon Norge på svært konkurransedyktige kommersielle vilkår.

Lånet er på 140 millionar kroner, og skal brukast til utbygging av anlegget på Indre Harøy.

Frå før har selskapet opplyst at ein har inngått ein låneavtale med Nordea og Sparebanken Vest på inntil 625 millionar kroner, men med opning for at ein kunne låne 140 millionar med ein tredjepart.

Publisert: 25.06.2021 14:20

Sist oppdatert: 25.06.2021 14:27

Mer om