NPK-NTB: Line- og garnfartøyet Loran har dei siste to månadene drive lønnsamt fiske etter tosk og blåkveite ved Jan Mayen.
Ifølgje ei pressemelding frå interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt skal det vere første gong i nyare tid at slikt fiske har vore lønnsamt ved Jan Mayen.
Loran kom til Ålesund måndag, med ein fangst på 300 tonn torsk og 70 tonn blåkveite. Denne fangsten er verdt oppimot 12 millionar kroner.
Reiarlaget sende fangstprøver til Havforskingsinstituttet for analyse etter dei oppdaga fisken under ein prøvetur i juli.
Desse prøvene skal avklare om torsken ved Jan Mayen er frå ein eigen bestand, eller om han høyrer til ein islandsk/grønlandsk bestand eller om han er barentshavstorsk.
Om fisken viser seg å vere islandsk/grønlandsk, og han over tid oppheld seg ved Jan Mayen, vil Noreg ha rett på ein kyststatsdel av bestanden.
Fiskebåt har hatt dialog med Nærings- og fiskeridepartementet og Havforskingsinstituttet om fisket til fartøyet ved Jan Mayen.

Publisert: 12.11.2018 17:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36