Kort fortalt

- Magrare tider for kommuneøkonomien

Fryktar at politikarane ikkje vaknar i tide.

28.05.2019
NPK: Kommunane i Noreg må rekne med ei innstramming i økonomien åra framover, meiner Ole Petter Pedersen, tidlegare utviklingsredaktør i Kommunal Rapport.
Ole Petter Pedersen har følgt kommuneøkonomien i mange år. Under Kommuneøkonomikonferansen hadde han eit foredrag om framtidsutsiktene for økonomien i kommunane, skriv .
– Vi har eit reknestykke som ikkje går opp slik kommuneøkonomien er bygd opp i dag. Skattesystemet er basert på at folk er i arbeid. Samstundes har vi den utfordringa framover at ny teknologi fjernar arbeidsplassar. Det som er uklart, er kva som kjem i staden, påpeiker Pedersen, som no er redaktør i Teknisk Ukeblad.
Ifølgje Pedersen er det største risikoelementet at kommuneleiarane ikkje forstår størrelsen på endringane og at dei ikkje er førebudd på dei.
– Det er lett og forståeleg at ein etter nokre år med gode resultat, knapt renteberande gjeld og stadig større disposisjonsfond hamnar i ei makeleg tåke. Å forstå at det akselererer, at det blir færre pengar å drive for – det er naudsynt å ta på alvor, seier han.

Publisert: 28.05.2019 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34