NPK: Gytebestanden for makrell er justert opp frå 2,35 millionar tonn til 4,2 millionar tonn etter revisjon frå det internasjonale havforskingsinstituttet.
Berekninga frå revisjonen er at makrellbestanden er i god forfatning. Berekninga er basert på fiskeridata, og oppjusteringa er mellom anna grunna ei reinsking av dataa, forklarer forskar Arill Slotte frå Havforskingsinstituttet, som har deltatt i revisjonsarbeidet.
Forskarane ved instituttet understrekar at makrellberekninga framleis er noko usikker, men at dei forventar at den nye metoden vil gi mindre svingingar i resultata på sikt.
Makrellen er ein vanskeleg bestand å berekne, men den reviderte metoden er mindre sårbar for store, årlege variasjonar og meir stabil over tid, seier Aril Slotte.

Publisert: 08.04.2019 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35