Kort fortalt

Makrellboks-pant frå Gjerdsvika

Får pant når ein leverer inn makrell i tomat-boksar.

NPK
26.01.2022

Som første aktør i Noreg skal sjømatverksemda Lofoten samarbeide med appen Bower om pant på emballasje. Dei som kjøper produktet «Lofoten Makrell i tomat» kan pante dei tomme aluminiumsboksane og gjere ein innsats for miljøet.

Produksjonen skjer av Maritim Food i Gjerdsvika.

– Vi har dei siste åra gjort fleire emballasjeforbetringar på produkta våre for å auke haldbarheita og redusere matsvinn, og jobbar med fleire nye løysingar for resirkulering og avfallsreduksjon. No håpar vi å få med oss forbrukarane til å pante makrellboksen. Over 70 prosent av nordmenn et makrell i tomat, noko som svarar til over 30 millionar boksar i året!

- Viss vi kan bidra til at endå fleire makrell i tomat-etarar leverer makrellboksen til nærmaste gjenvinningsstasjon i staden for at han hamnar i søpla, er det mykje å hente for miljøet, seier Øystein Rist, dagleg leiar i Lofoten, i ei pressemelding.

Med Bower-appen skannar brukaren strekkoden på boksen, leverer emballasjen til den nærmaste gjenvinningsstasjonen sin og samlar pantepengar direkte på mobilen. Alle produkta frå Lofoten kan pantast i Bower-appen, men pantar du Lofoten Makrell i tomat-boksane får du ekstra pant.

Publisert: 26.01.2022 16:08

Sist oppdatert: 26.01.2022 16:10