Kort fortalt

Makrellen har blitt nordlending

No finn ein pir i Nord-Noreg. Grunnen er at makrellbestanden har auka.

NPK
31.01.2023

Det skriv Havforskingsinstituttet (HI).

Makrellen har tradisjonelt halde til lenger sør, og det er ikkje så mange år sidan vaksen makrell vart vanleg i Nord-Noreg. No finn ein òg pir – eller ungmakrell – heilt nord til Nordkapp.

– Det er ikkje fordi det har blitt varmare hav i nord, men heng saman med den eksplosive veksten i makrellbestanden mellom 2006 og 2014, seier havforskar Leif Nøttestad til HI.

Makrellbestanden i Nordaust-Atlanteren bortimot tredobla seg frå 2006 til 2014. Eit av resultata er at makrellen har blitt nøydd å utvida området sitt. Nøttestad seier til HI at det er for tidleg å seia korleis inntoget til makrellen vil påverka dei lokale økosystema, men at det er noko dei jobbar med å finna ut meir om.

Publisert: 31.01.2023 05:11

Sist oppdatert: 31.01.2023 05:13

Mer om