Kort fortalt

Makrellstørje svømte langt

Tilbakela 15.000 kilometer på eitt år.

NPK
11.10.2021

(NPK): Forskarar satellittmerka ei makrellstørje utanfor Florø i fjor. I år var størja tilbake på same stad, etter å ha svømt 15.000 kilometer.

Norske forskarar merkte fem makrellstørjer i fjor og er i gang med årets merking no.

Satellittmerket frå ein av fjorårets størjer kom nyleg tilbake på same stad den blei sett i fjor utanfor Florø, og viste at fisken hadde svømt 15.000 kilometer på eitt år, skriv Havforskingsinstituttet.

Frå Florø reiste makrellstørja vest forbi Shetland, nesten til Canada, inn i Middelhavet, nord forbi Irland og Shetland og opp i Norskehavet vest for Brønnøysund, så sør igjen til Florø.

(©NPK)

Publisert: 11.10.2021 12:58

Sist oppdatert: 11.10.2021 13:00

Mer om