NPK-NTB: Nordea fortel i kvartalsrapporten sin om stor pågang frå kundar som ønskjer periodar med avdragsfridom på lån. Så langt har det komme 60.000 søknader.
– I første kvartal 2020 vart vi vitne til det globale utbrotet av covid-19, som ramma oss alle. Pandemien har utvikla seg til ei samfunnskrise og økonomisk krise som vil få alvorlege økonomiske følgjar og kan føre til strukturelle endringar i samfunnet på lang sikt, seier konsernsjef Frank Vang-Jensen.
Berre i mars fekk banken førespurnader om kreditt tilsvarande meir enn 13 milliardar euro frå bedriftskundane.
Resultatet frå banken er så langt ikkje alvorleg påverka av pandemien.

Publisert: 29.04.2020 09:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28