Dei to første månadene i år vart 2.497 personar bøtelagde for mobilbruk i trafikken. Samanlikna med same tid i fjor, er det ein reduksjon på 16 prosent.
Sjølv om talet er redusert med 16 prosent, er den einaste trafikktryggleiksorganisasjon for ungdom i Noreg, Ung i Trafikken, ikkje nøgde.
– Det er gledeleg at bilistane i større grad legg bort mobilen medan dei køyrer, likevel er nærare 2.500 personar bøtelagde for mobilbruk. Køyrar du i 80 km/t og ser bort frå vegen i fem sekund, har du køyrt 110 meter. Det svarer nesten til lengda på ein fotballbane, seier kommunikasjonsrådgivar Henrik Pettersen Sunde i ei pressemelding.
Frå og med 2021 auka satsane for bruk av mobil i trafikken. No får du 5000 kroner i bot og heile tre prikkar på førarkortet dersom du blir teken på fersken. I fjor var bota på 1700 kroner og ein prikk.
– Det kan jo verke som dei nye reglane har hatt effekt. Vi kryssar fingrane for at reduksjonen held fram i månaden framover, kommenterer rådgivaren.
Publisert: 05.03.2021 09:27
Sist oppdatert: 05.03.2021 09:28