Kort fortalt

Mange døde av varme i Europa

Fjorårets rekordvarme tok over 60.000 menneskeliv, ifølgje anslag.

NPK
11.07.2023

(NPK): Ein ny studie estimerer at rekordvarmen i Europa sommaren 2022 krevde 61.672 menneskeliv.

Forskarane ved Barcelona Institute for Global Health og det franske forskingsinstituttet INSERM har analysert data om temperatur og dødelegheit i 35 europeiske land, skriv forskning.no.

Konklusjonen er at det i perioden 30. mai til 4. september i fjor døydde 61.672 menneske som følgje av dei høge temperaturane i europeiske land.

Ei hetebølgje frå 18. til 24. juli i fjor var særleg intens og kosta over 11.600 liv.

Flest dødsfall på grunn av ekstremvarme opplevde Italia, med 18.010, ifølgje studien. I Spania kravde heta 11.324 liv, mens den i Tyskland kravde 8.173.

Dei fleste som døydde som følgje av ekstrem varme, var over 80 år gamle, og 63 prosent av dei var kvinner, viser studien.

(©NPK)

Publisert: 11.07.2023 10:43

Sist oppdatert: 11.07.2023 10:43

Mer om