Kort fortalt

Mange evakuerte på Sjøholt

Også evakuerte i Eresfjord.

13.01.2022

Innbyggjarane i 16 hus på Sjøholt er evakuerte etter eit jordras onsdag kveld.

Raset har gått i eit bratt terreng, der vatnet finn seg stadig nye laup, opplyser NRK Møre og Romsdal.

Dei evakuerte er flytta til turisthytta på Ørskogfjellet.

Området skal vurderast av geolog torsdag.

I Eresfjord i Molde er 44 evakuerte frå to bustadfelt.

Publisert: 13.01.2022 04:31

Sist oppdatert: 13.01.2022 04:38