NPK: Før året er omme må alle fiskefartøy på 8-10,7 meter bygde før 1992, ha vore til offentleg teknisk kontroll.
Sjølv om ein del fiskebåteigarar allereie har fått papira i orden, gjeld det langt frå alle, fortel Sjøfartsdirektoratet.
– Vi registrerer at det er ein del som er seint ute, og som dermed kan risikere driftsavbrot etter nyttår. Vi vil oppmode dei som ikkje har tatt kontakt med eit godkjent føretak, om å gjere det snarast, seier underdirektør Geirmund Eikje i i ei pressemelding.
Kontrollen gjeld fartøy som skal drive kystfiske og fjordfiske, og tar for seg alt frå tilstanden på skrog, maskineri og navigasjonsutstyr til brannsikring og redningsutstyr.
Fjordfiskebåtar som er bygde før 1983 og 1970, har likevel frist til høvesvis 1. januar 2020 og 1. januar 2021 med å få gjennomført sertifiseringa.

Publisert: 16.08.2018 07:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38