Kort fortalt

Mange gløymer passet

11.155 fekk nødpass i juni og juli.

13.08.2018
NPK-NTB: I dei sju første månadane i år vart det skrive ut 20.705 nødpass i Noreg. Over halvparten vart skrivne ut i juni og juli.
– Tala for sommaren viser at det framleis er altfor mange nordmenn som søkjer om nødpass, seier Eli Fryjordet, leiar for felles eining for utlending og forvaltning i Aust politidistrikt til .
I juni og juli vart det skrive ut totalt 11.155 nødpass, viser tal radiokanalen har fått frå Politidirektoratet. På Gardermoen åleine vart det skrive ut 1.722 nødpass.

Publisert: 13.08.2018 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38