NPK-NTB: Norwegian er framleis på klagetoppen blant flyselskapa og er på veg mot ny rekord, men få av dei som klagar, får medhald.
Hittil i år har Transportklagenemnda for flyreiser behandla 205 saker mot Norwegian, skriv Dagens Næringsliv. Hittil i år står lågprisselskapet for over 40 prosent av klagesakene i nemnda. I fjor vart det til saman 305 saker, drygt seks gonger så mange som dei 50 klagene som vart behandla året før.
Etter den dystre statistikken i 2017 innrømde selskapet at dei hadde eit forbetringspotensial. Men klagene som har komme inn så langt i år, tilseier at totalen kjem til å overgå fjoråret.
I fjor fekk 69 av dei som klaga på Norwegian, medhald i nemnda, mot berre 14 året før. Hittil i år har 31 fått medhald, mens Transportklagenemnda har forkasta 149 klager.
– Dette er nok ein indikasjon på at det blir skapt eit inntrykk av at kundane kan klage på ting som ikkje utløyser kompensasjon i samsvar med EU-regelverket, seier kommunikasjonssjef Lasse Sandaker Nielsen i Norwegian. Han understrekar at selskapet følgjer EUs reglar for passasjerrettar, og han synest det ikkje er unaturleg at Noregs største flyselskap har flest klager.

Publisert: 22.08.2018 08:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37