Mange ledige jobbar i Gudbrandsdalen
Seks kommunar med storslepp stillingar.
(NPK): Seks kommunar nord i Gudbrandsdalen annonserer hundrevis av ledige stillingar samstundes i håp om å lokke til seg nye innbyggjarar.
– Målet med Stillingssleppet 2021, med over 350 ledige stillingar i regionen, er både er å trekkje til seg og behalde fleire innbyggjarar i Nord-Gudbrandsdal, seier prosjektleiar Christoffer Biong og næringssjef Åshild Myhre Amundsen til Nationen.
Det rekordstore «Stillingssleppet 2021» blir gjennomført av Regionrådet Nord-Gudbrandsdal i samarbeid med kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja, Nasjonalparkriket Reiseliv AS og Nord-Gudbrandsdal Næringsforening.
Annonseringa av dei mange stillingane inkluderer også sommarjobbar, vikariat og deltidsstillingar.
(©NPK)
Publisert: 22.03.2021 13:04
Sist oppdatert: 22.03.2021 13:06