Kort fortalt

Mange lurte ved netthandel

Om lag 300.000 nordmenn har blitt lurt av ein falsk nettbutikk det siste året.

NPK
13.06.2022

Fleire seier dei ikkje er sikre på å få hjelp om det skulle oppstå problem.

I ei netthandelsundersøking gjennomført av analyseinstituttet YouGov på vegner av Klarna, kjem det fram at ni prosent av dei som handla på nett det siste året, om lag 300.00 nordmenn, seier dei har blitt lurt av ein falsk nettbutikk eller kjøpt openberre falske produkt/tenester.

14 prosent har opplevd å ikkje få produktet eller tenesta dei kjøpte. Like mange har fått eit produkt eller ei teneste som ikkje fungerte slik den skulle eller var øydelagd.

– Sjølv om dei fleste som handlar på nett føler seg trygge, er det ei utfordring når enkelte kjøp ikkje går som planlagt, seier Klarnas bedrageriekspert, Jakob Johannesson i pressemeldinga.

Han rår handlarar å sjekke ein ny nettbutikk på Google og lese kundevurderingar på førehand før ein handlar.

35 prosent av nordmenn svarte at dei ikkje fekk hjelp frå korkje butikk, betalingsløysing eller andre då dei ikkje fekk produktet eller tenesta sin. 21 prosent svarte at dei er utrygge på om dei får hjelp.

– Det er merkverdig at så mange trur dei ikkje får hjelp om dei blir lurde på nett. Det er nemleg hjelp å få. Eit eksempel er Klarnas kjøparbeskyttelse. Denne dekkjer alle kjøp gjort med Klarna, uansett om du handlar varer, tenester eller billettar. Det gjer at du kan handle trygt på nett og vere sikker på å få hjelp om noko skulle skje, seier Johannesson.

Publisert: 13.06.2022 09:47

Sist oppdatert: 13.06.2022 09:48

Mer om