Talet på forsøk på cyberangrep auka med rundt 400 prosent frå februar til juni i fjor, første delen av koronapandemien.
Forskarar frå Sintef har utarbeidd ei omfattande kartlegging av digitale angrep innan shipping. Dei slår fast at talet på hackarar har gått opp.
– Mange av angrepsaktørane er permitterte og har ikkje hatt jobb, og dermed har dei ikkje hatt andre ting å gjere, seier seniorforskar Per Håkon Meland i Sintef Digital.
Saman med seniorforskar Karin Bernsmed, forskar Dag Atle Nesheim og seniorforskar Ørnulf Jan Rødseth i Sintef Ocean har han utarbeidd den hittil mest omfattande kartlegginga av digitale angrep innan shipping, som nokon gong er gjort tilgjengeleg.
Dei meiner at koronapandemien har gjort det enklare for hackarar å kome seg inn i datasystema.
Forskarane har laga kartlegginga på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet og Kystverket i samband med arbeidet med ein ny overordna strategi for maritim digital tryggleik. Her finst ei oversikt over dei 35 største cyberangrepa innan shipping dei siste åra, der fem av angrepa ikkje har vore offentleg kjende tidlegare.
Trusselbiletet er aukande, og dei fleste cyberangrepa er økonomisk motiverte, er konklusjonen i rapporten.
Publisert: 25.03.2021 16:55
Sist oppdatert: 25.03.2021 16:57