Kort fortalt

Mange opplevde nytte av eksportstøtte

Undersøking mellom kundane til Innovasjon Norge.

NPK
05.09.2022

(NPK): Tre av fire selskap opplevde at støtte frå Innovasjon Noreg var med på å sikre suksess på eksportmarknaden, viser ei fersk undersøking.

Undersøkinga er gjort av Oslo Economics blant kundane til Innovasjon Noreg.

32 prosent av selskapa svarte at støtta frå Innovasjon Noreg i stod grad var med på å sikre at dei lukkast med eksportsatsinga, medan 42 prosent svarte at støtta bidrog i nokon grad. Spørsmålet vart stilt til dei kundane som i undersøkinga svarte at dei hadde nådd eksportmåla sine dei siste tre åra.

Manglande kjennskap til utanlandske marknader vart oppgitt som ein av dei største eksportbarrierane. 48 prosent oppgir at dei har manglande kjennskap til utanlandske marknader.

I ei pressemelding frå Innovasjon Noreg heiter det at vekst krev mykje kapital, og at bankane som regel er smidige med å finne gode finansieringsløysingar for vekstkundane sine. Men det trengst ofte meir kapital enn det bankane kan tilby.

Heile 60 prosent av selskapa i undersøkinga meinte at finansiering frå Innovasjon Noreg nettopp gjorde at dei kunne skaffe finansiering gjennom privat eigenkapital, kort fortalt at støtta gjorde at private investorar gjekk inn med kapital.

Styreleiar Gunnar Bovim i Innovasjon Noreg meiner undersøkinga er ei stadfesting av at næringslivet treng denne typen støtte.

(©NPK)

Publisert: 05.09.2022 10:03

Sist oppdatert: 05.09.2022 10:05

Mer om