Kort fortalt

Mange pass går snart ut på dato

Politiet ventar stort passrush.

09.04.2021

Politiet ventar ein pågang frå publikum som ynskjer å fornye passet sitt når det blir mogleg å reise igjen.

- Vi veit at 20 000 pass i Møre og Romsdal går ut på dato i løpet av dei komande seks månadane, i tillegg gjekk mange pass ut i fjor utan at dei vart fornya på grunn av pandemien, seier politiinspektør Marianne Nørgaard Aae i Møre og Romsdal politidistrikt, i ei pressemelding.

Ho opplyser at denne situasjonen har stor merksemd frå politiet si side.

- Vi legg no planar for å handtere auka etterspurnad framover. Vi har i dag ledige timar til alle som ynsker å bestille time 1 – 2 veker fram i tid og vil auke kapasiteten ved auka etterspurnad, ved behov vil vi også vurdere å utvide opningstidene, seier Nørgaard Aae.

Det er viktig at alle rettar seg etter smittevernomsyna.

- Men dersom du veit at du skal ut og reise når samfunnet opnar igjen, kan det vere lurt å gå inn på politiet.no no for å bestille time både til deg og barna, seier ho.

Publisert: 09.04.2021 11:50

Sist oppdatert: 09.04.2021 11:53