Kort fortalt

Mange smitta i Herøy

12 nye smitta torsdag.

26.11.2021

Det er fram til i kveld meldt 32 positive tilfelle knytt til eit utbrot som starta midt i november, mange med utgangspunkt i eit religiøst arrangement.

Av desse er 12 meldt torsdag, opplyser Herøy kommune i ei pressemelding

I tillegg er det meldt eitt tilfelle knytt til reise annan stad i landet.

Kommunen opplyser at eit av dei siste stadfesta smittetilfella besøkte Sunnmørsbadet onsdag mellom kl. 19.00 - 21.00. Alle som var innom der i det tidsromet bør teste seg dersom ein får symptom på covid-19.

- Det vert gjennomført smittesporing og testing slik rutinane tilseier, opplyser kommuneoverlegen.

Kommunen påreknar framleis å få meldt positive testar knytt til det pågåande utbrotet.

- Situasjonen er krevjande, og det er viktig at alle som har fått informasjon om at dei har vore i nærkontakt til personar med positiv test er merksame på symptom og gjennomfører sjølvtest for å avdekke vidare smitte. Det er bra at vi har oversikt over smittevegane som fører til at vi avdekker nye tilfelle så tidleg som råd er, seier kommuneoverlegen.

Fredag opplyser kommunen at også ein personsom er smitta var på Sandemessa på Larsnes søndag 21.11.21 etter kl. 14.

Kommunen rår personar som var på Sandemessa søndag ettermidag til å vere merksame og ta sjølvtest ved symptom.

Publisert: 26.11.2021 08:31

Sist oppdatert: 26.11.2021 09:29

Mer om