Kort fortalt

Mange utanlandske arbeidarar under minsteløn

Undersøking om grøn sektor.

NPK
01.03.2021

(NPK): Ei Fafo-gransking viser at 38 prosent av sesongarbeidarane i grøn sektor som ikkje er busette i Noreg, tener mindre enn avtalt minstelønn. Blant dei med norsk bustad er delen nede i 6 prosent.

– Tala frå Fafo viser at lønsnivået er lågare for utlendingar. Det er framleis altfor mange som får mindre enn det lovfesta – det er diskriminerande og eit lovbrot, seier Line Eldring, leiar samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, til Nationen.

Saman med LO krev forbundet ein lønsauke på 3 kroner i timen og framleis allmenngjering av tariffsatsane innanfor jordbruk og gartneri.

I tillegg til undersøkinga frå Fafo viser Fellesforbundet til ei oversikt frå Arbeidstilsynet. Frå 2018 til og med i fjor blei det gjennomført 122 tilsyn i jordbruks- og gartnerinæringa der lønn var eitt av kontrollpunkta. I 16 prosent (20 tilfelle) fann ein brot på forskrifta, viser oversikta til tilsynet.

Leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, støttar LOs syn på saka. Ho skriv i ein e-post til Nationen at «det må være attraktivt å jobbe med matproduksjon», og at «lønnsøkning må til for å gjøre vårt viktige arbeid interessant for flere».

(©NPK)

Publisert: 01.03.2021 13:15

Sist oppdatert: 01.03.2021 13:17

Mer om