Mange vil utanlands i vinterferien
Regjeringa åtvarar.
NPK-NTB: Regjeringa rår framleis mot å reise utanlands. Likevel planlegg 168.000 nordmenn å reise til utlandet i vinterferien, viser fersk undersøking.
Undersøkinga er utført av YouGov på oppdrag av Europeiske Reiseforsikring. 1.005 personar deltok i undersøkinga frå 3. til 7. februar.
Dei som planlegg utanlandsferie i vinterferien, oppgir at dei anten skal på skiferie eller til varmare strøk.
Men det er framleis knytt stor risiko til å reise rundt i verda slik pandemien er no, åtvarar Europeiske Reiseforsikring.
– Dersom ein trassar reiserådet, altså det raude lyset i reisekartet til styresmaktene, har ein ikkje gyldig forsikring på reisa, åtvarar kommunikasjonssjef Andreas Bibow Handeland.
Publisert: 12.02.2021 17:37
Sist oppdatert: 15.02.2021 13:01