Kort fortalt

Manglar vedlikehald

Stort etterslep ved norske vass- og avløpsanlegg

19.06.2019
NPK-NTB: Vedlikehaldsetterslepet ved norske vass- og avløpsanlegg blir berekna til 390 milliardar kroner, ifølgje ein rapport Aftenposten har fått tilgang til.
Rapporten frå Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) anslår at det vil ta 150 år før alle Noregs vassrøyr er fornya, ut frå tempoet på utskifting i dag, skriv .
– Vi er bekymra for kvaliteten på drikkevatnet i framtida, seier administrerande direktør Karina Kaupang i Mattilsynet.
Nordmenn flest tar for gitt at vatnet som renn frå springen, skal vere trygt og reint. Men smitteutbrotet på Askøy har reist nye spørsmål om vasskvaliteten i landet.
RIF-rapporten viser at det er Oslo, Østfold og Hordaland som har flest gamle røyr.
– Vi har mykje trøbbel med røyr som er lagt like etter krigen, seier seksjonsleiar for vassdistribusjon Lars Wermskog i Vass- og avløpsetaten.
Medan SV-leiar Audun Lysbakken har tatt til orde for innføring av ein nasjonal vasspolitikk, poengterer folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) at oppgradering av vass- og avløp er ansvaret til kommunane.

Publisert: 19.06.2019 10:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34