NPK-NTB: Sjølv om drifta gav mindre avkasting enn for eitt år sidan, vart resultatet før skatt meir enn dobla til 231 millionar euro i andre kvartal for Marine Harvest.
Omsetninga var i praksis uendra og låg tett oppunder 900 milliardar euro, går det fram av kvartalsrapporten som vart lagt fram onsdag. Det operasjonelle driftsresultatet vart på 175 millionar euro det siste kvartalet, mot 198 millionar i same periode i 2016.
Ei oppjustering av verdien på biomassen på drygt 74 millionar euro bidrar positivt i rekneskapen, mens den same posten trekte ned med 38 millionar for eit år sidan.
– Den globale etterspørselen etter laks har vore svært god så langt i år. Dette har ført til høge lakseprisar i alle marknader i andre kvartal. Resultatet er også positivt påverka av at oppdrettseiningane i Noreg og Chile har hatt sine beste andrekvartal nokosinne, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog i ei pressemelding.
Tapet på finanspostane er betydeleg lågare enn i andre kvartal i fjor, noko som også bidrar til at resultatet før skatt vart på 231 millionar euro, mot 92 millionar i fjor.

Publisert: 22.08.2018 08:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37