Stor inntektsauke for Marinelektronikk
Ålesund-selskapet Marinelektronikk auka inntektene med 13,3 millionar kroner i fjor.
Selskapet vart starta opp i 2005 og er spesialistar på skipselektronikk til fiskebåtar og andre nyttefartøy.
På heimesida vert det sagt at den viktigaste oppgåva er å sørge for at installasjon og service skjer utan driftsavbrot, og at ein er tilstades på kaia ved anløp i Ålesund og øvrige stader på Nordvestlandet. Resten av Norge vert nådd med fly eller bil på raskaste måte.
2022 var det beste året sidan oppstarten.
Selskapet sysselsette i fjor fire årsverk, og hadde ein samla eigenkapital ved årsskiftet på 10,9 millionar.
Dagleg leiar Svein Arne Vatnehol er største asjonær med 51 prosent av aksjane. Geir Larsgaard Austlid og Petter Endre Vinsnes eig kvar 20 prosent, medan Sture Nordlund Vatnehol eig ni prosent.
Marinelektronikk | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 45,4 | 32,1 | |
Driftsresultat | 2,3 | 2,2 | |
Resultat før skatt | 2,3 | 2,2 |
Publisert: 23.05.2023 10:30
Sist oppdatert: 23.05.2023 19:40