Maritech og Tussa i partnarskap
Tussa IKT skal sikre Maritech sitt logistikkstyrings-system.
Programvareselskapet Maritech i Molde/Averøy har utvikla Timpex, eit system mange bedrifter brukar for å halde orden på logistikken. Ved hjelp av systemet veit bedfiter kvar delar og varre er til ei kvar tid og når og kvar dei skal leverast.
Tussa IKT sin jobb er å sikre at systemet er stabilt, sikra mot angrep og ha folk som kan gjer utbetringar og vedlikehald døgnet rundt.
Dei to selskapa offentleggjorde i dag at dei har inngått eit "strategisk partnarskap".
Tussa IKT har i dag 93 tilsette og vil vekse vidare.
- Vi har fått ein storleik som gjer at vi får større og større kundar, seier administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT til Nett N0.
Publisert: 04.04.2024 12:51
Sist oppdatert: 04.04.2024 15:25