Kort fortalt

Masksinstans for hurtigruteskip

Iverksette redningsaksjon.

Marius Rosbach
24.08.2021

Det vart iverksett ein redningsaksjon etter at hurtigruteskipet Kong Harald tysdag kveld fekk maskinstans vest av Bud, melde Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS) på Twitter litt etter klokka 21.

Fire helikopter og fleire fartøy blei sendt til staden og ved 21.30-tida melde HRS at skipet hadde fått ut to anker og haldt posisjonen. Klokka 21.45 melde redningssentralen at skipet hadde fått start på ein motor og klokka 22.20 gjekk skipet for eigen maskin med kurs mot Julsundet, ifølgje ei ny Twitter-melding frå HRS.

Tidlegare om kvelden sende skipet ut ei mayday-melding på kystradioen, viser ein video NRK fekk tilgang til.

– Mayday, mayday. Dette er Kong Harald. Vi er utan fremdrift, melde brua.

Redningssentralen melde at ein ambulansebåt gjekk på grunn i den same hendinga, men ingen personar skal vere skadde.

Følg AIS-sporinga til MS Kong Harald her (ekstern lenke)

Publisert: 24.08.2021 21:41

Sist oppdatert: 24.08.2021 22:22

Mer om