Kort fortalt

MDG med oljeultimatum

Krever stans for regjeringsstøtte.

Marius Rosbach
10.08.2021

(NPK-NTB): MDG gjer stans i oljeleitinga til eit absolutt krav for å støtte ei regjering.

Det sa partileiar Une Bastholm under MDGs valkampstart i Oslo tysdag.

På valkampopninga la MDG fram ein ny krisepakke for klimaet med 15 tiltak partiet vil gjennomføre for å følgje opp den nye rapporten frå FNs klimapanel (IPCC). MDG har fått over 750 nye medlemmer sidan rapporten vart lagt fram måndag.

MDGs krav er at utsleppa må kuttast med 80 prosent innan 2030, og at oljeleitinga må stanse umiddelbart.

(©NPK)

Publisert: 10.08.2021 17:23

Sist oppdatert: 10.08.2021 17:24

Mer om