Sula vekst medaljeutdeling foto sula vekst 11
HEIDER: Kurt-Espen Juliebø og Steinar Blomvik fekk medaljar av Sula-ordførar Turid Humlen og Sula Vekst-sjef Øyvind Vebenstad. Foto: Sula Vekst
Kort fortalt

Medaljar for lang og tru teneste

30 år i Sula Vekst.

Marius Rosbach
05.12.2023

Kurt-Espen Juliebø og Steinar Blomvik vart høgtideleg tildelt Norges Vel-medaljen for deira mangeårige og trufaste teneste hos Sula Vekst.

Heideren vart delt ut under bedrifta sin jubileumsbankett på Devoldfabrikken i Langevåg nyleg.

Juliebø og blomvik har begge vore tilsett i bedrifta sidan den vart stifta i 1993.

– Dei er særs dyktige og pliktoppfyllande medarbeidarar som har betydd mykje for bedrifta, og er gode førebilete for sine kollegaer, seier Øyvind Vebenstad, dagleg leiar i Sula Vekst.

Medaljen er ei anerkjenning av deira ekstraordinære innsats og dedikasjon til Sula Vekst gjennom alle desse åra, uttalte Sula-ordførar Turid Humlen då ho delte ut medaljane.

Publisert: 05.12.2023 10:09

Sist oppdatert: 05.12.2023 10:09

Mer om