Meiner Enova hindrar grønt skifte
Noregs Kystfiskarlag kritisk til avvikling av støtte.
(NPK): Noregs Kystfiskarlag meiner Enovas avvikling av støtte til batteri i fartøy vil hindre kystflåten i å ta del i det grøne skiftet dei neste to åra.
Noregs Kystfiskarlag meiner Enova ikkje forvaltar samfunnsansvaret sitt når dei no avviklar støtteordninga til batteri i fartøy før ei alternativ støtteordning er på plass. Ifølgje Kyst og Fjord meiner laget at avviklinga vil føre til full stopp for hybrid og elprosjekt i minst to år fordi det tek tid å utvikle teknologi. Laget peiker også på at det tek tid før marknaden når eit prisnivå som gjer det lønnsamt for fiskarane å investere i teknologien. Kystfiskarlaget meiner difor at dette i praksis vil hindre kystflåten i å ta del i det grøne skiftet.
(©NPK)
Publisert: 14.07.2023 17:34
Sist oppdatert: 14.07.2023 17:34