Kort fortalt

Meir arbeid for Hydroniq Coolers

Leveransar til to Sølvtrans-båtar.

05.07.2021

Aas Mek. Verksted har tildelt Ellingsøy-selskapet Hydroniq Coolers kontraktar for å levere det marine kjølesystemet til to brønnbåtar som verftet bygger for Sølvtrans, vert det opplyst i ei pressemelding.

Hydroniq Coolers skal levere selskapets skrog-integrerte “Rack” sjøvasskjølar til dei to brønnbåtane frå Aas Mek. Verksted.

«Rack» sjøvassskjølar er integrert i skroget under fartøyets hovedmaskinrom, der det reduserer temperaturen til skipets hovedmotor og andre støttesystem ved hjelp av sjøvatn, men utan å oppta verdifull plass i maskinrommet.

– Det mangeårige partnarskapet Aas Mek. Verksted har etablert med Sølvtrans så vel som med sentrale lokale leverandørar som Hydroniq Coolers, er det nærmaste bransjen har kome samlebandsproduksjon av brønnbåtar. Vi er svært stolte over at vi igjen er valt som leverandør av det marine kjølesystemet, seier Jan Inge Johannesen, salssjef hos Hydroniq Coolers, i pressemeldinga.

Publisert: 05.07.2021 09:01

Sist oppdatert: 05.07.2021 09:06

Mer om