NPK-NTB-DPA: Problemet med bagasje som blir forseinka eller øydelagt eller rett og slett forsvinn frå flyet og flyplassane i verda, auka i fjor.
Europa ligg dårlegare an enn Asia og Nord-Amerika når det gjeld bagasje på avvege, viser nye tal.
På verdsbasis vart i snitt 5,69 koffertar, bagar, sekker og liknande borte, øydelagt eller svært forseinka i fjor for kvar tusande passasjar. Det er ein auke frå 5,57 per 1.000 året før.
Bagasjen reiser tryggast i Asia, der berre 1,77 av 1.000 opplevde at ting ikkje kom fram som dei skulle. I Nord-Amerika var tala 2,85. Europa trekker den lite hyggelege statistikken kraftig opp. I vår del av verda var det 7,29 hendingar per 1000 reisande. Ein av faktorane som gjer at Europa ligg såpass dårleg an, er at det er mange fleire flybyte undervegs.
Men sjølv i Europa kan ein statistisk sett forvente å fly 137 gonger før uhellet er ute. Og det skal seiast at 77 prosent av hendinga som er registrerte, gjeld forseinka bagasje, og berre kvar femte av desse blir forseinka lenge. 18 prosent av sakene gjeld bagasje som vart skadd eller øydelagt, medan 5 prosent av kollia det var problem med, vart heilt borte.

Publisert: 25.04.2019 09:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35