Kort fortalt

Meir fleksibel avregistrering av bil

Ingen stress med levering av bilskilt.

11.12.2018
NPK: Skal du skrota den gamle bilen din, treng du ikkje lenger stressa med å levera bilskilta i romjula for å unngå å betala årsavgift.
Grunnen er at årsavgifta i år er erstatta av ei trafikkforsikringsavgift.
– Trafikkforsikringsavgifta blir berre betalt for den tida køyretøyet er registrert og forsikringspliktig. Det gjev alle som eig eit køyretøy større fleksibilitet fordi ein betalar avgifta saman med forsikringa si, anten kvar månad, kvart kvartal, halvår eller heilår. Med ein gong køyretøyet er avregistrert treng ein heller ikkje betala avgift, seier Heidi Øwre i Statens vegvesen.
Det er forsikringsselskapa som krev inn trafikkforsikringsavgifta saman med forsikringspremien.

Publisert: 11.12.2018 12:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36