NPK-NTB: For første gong sidan 2002 fell delen bønder som seier at det økonomiske resultatet frå gardsdrifta går i positiv retning.
Det er likevel framleis fleire som seier at økonomien utviklar seg positivt enn negativt – 38 prosent mot 30 prosent – viser rapporten , ifølgje Nationen.
Rapporten, som kjem frå Ruralis (tidlegare Norsk senter for bygdeforskning), har vorte laga sidan 2002, og fram til i år har trenden vore tydeleg: Stadig fleire bønder har meldt om positiv økonomisk utvikling. I 2002 var det berre 10 prosent som hamna i denne kategorien, mens 68 prosent meinte utviklinga gjekk feil veg.
I 2016 var det for første gong fleire som opplevde positiv utvikling enn negativ – høvesvis 40 og 26 prosent – men i år er altså trenden med stadig forbetring broten.
Og sjølv om det også i år er fleire bønder som seier det går bra enn det er som seier det går dårleg, meiner forskarane bak rapporten at det ikkje er ei gladnyheit utan bismak.
– Vi veit at det er store strukturendringar, med færre små bruk og mange store. Ei delforklaring er at økonomisk dårleg stilte gardar har slutta, samtidig som økonomien har vorte noko betre, seier Ruralis-forskar Alexander Zahl-Thanem til Nationen.

Publisert: 19.11.2018 09:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36