Kort fortalt

Meir pankreassjukdom på Nordmøre

To anlegg råka på Smøla.

28.12.2018
NPK: Enno eit oppdrettsanlegg i Smøla kommune har fått påvist pankreassjukdom, opplyser Mattilsynet.
Det er ein uvanleg variant av virussjukdommen som er funne, og Mattilsynet ser derfor alvorleg på saka.
Variant SAV-3 er den vanlegaste typen sør for Stadt, men er svært uvanleg nord for Hustadvika. Der er sjukdommen vanlegvis av typen SAV-2.
No er det funne SAV-3 på Bremnessvaet i Smøla. I november vart det påvist same virusvariant på naboanlegget Nørholmen.
Viruset er funne i eit område med stor oppdrettsaktivitet. For å hindre smittespreiing er lokaliteten pålagt restriksjonar. Det er blant anna forbod mot å flytte fisk og utstyr utan særskilt løyve. Arbeidet med å tømme lokaliteten for fisk startar om kort tid.

Publisert: 28.12.2018 09:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36