Kort fortalt

Meir sild i år enn i fjor

NVG-bestanden aukar.

02.04.2019
NPK: Bestanden av norsk vårgytande sild er større enn på lenge, viser resultata frå det årlege gytetoktet som Havforskingsinistuttet gjennomførte i februar frå Møre til Troms, Finnmark og Tromsøflaket.
Forskarane observerte ein auke i biomasseindeksen på 30 prosent frå i fjor, og det er framleis den sterke 2013-årsklassen som bidrar mest, skriv .
Kvar fjerde sild høyrer no til 2013-generasjonen, som ved sida av årsklassane frå 2006 og 2004 er dei mest talrike. Havforskarane gir tilvekst hos 2013-silda mesteparten av æra for den store biomasseveksten det siste året, men meiner òg at toktet i større grad enn i fjor har fanga opp bestanden.
Som tidlegare år vart silda mindre nordover med innslaget av 2013-årsklassen. Heilt i nord var det derimot 2016-årsklassen som regjerte. Forskarane ventar at 2016-generasjonen over tid blir sterkare enn 2013-generasjonen, som samanlikna med 2004-årsklassen er for middels stor å rekne.
– Det er med andre ord lenge sidan sist bestanden kom med ein så stor årsklasse, så det blir spennande å følgje utviklinga av 2016-årsklassen framover, skriv Havforskingsinstituttet.

Publisert: 02.04.2019 09:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35