NPK-NTB: Sjukepengeordninga for sjølvstendig næringsdrivande blir styrkt i revidert budsjett for 2019.
Sjølvstendig næringsdrivande som blir sjuke, har i dag ikkje krav på meir enn 75 prosent av sjukepengegrunnlaget det første året. Lønnsmottakarar blir kompensert med 100 prosent sjukelønn.
– Frå 1. oktober i år vil det bli heva til 80 prosent, seier parlamentarisk leiar Terje Breivik i Venstre.
Han seier Venstre har jobba jamt og trutt for å auke sjukepengane for sjølvstendig næringsdrivande.
– I 2017 fekk dei berre 65 prosent av lønna utbetalt ved sjukdom. Vi vil ikkje at folk skal velje bort å starte si eiga verksemd på grunn av dårlege velferdsordningar. Tvert imot treng vi insentiv som gjer at fleire tar steget, seier Breivik.

Publisert: 13.05.2019 11:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34